torsdag 27. august 2009

Når mytane tek overhand


Om du spør ein heilt tilfeldig europear om korleis Jesus, Guds sønn, såg ut, så vil svaret i så å si alle tilfella vere ein mager, langhåra, hvit mann. Dette er eit bilde av Jesus som har blitt så dominant, at ein nesten tenkjer at det faktisk var slik han såg ut, men faktum er at vi ikkje har noke bevis for Jesus sitt utsjåande. Til eksempel seier mange nordmenn at fotballspelaren Erik Mykland liknar på Jesus, og det kan eg seie meg enig i, om vi skal dømme etter dei skildringane vi har fått servert av dei kristne samfunna. Korleis hadde ein då reagert om Jesus viste seg å vere svart? Akkurat det har Tor Åge Bringsværd skrive ein liten novelle om, og her skal eg lufte nokre tankar rundt den. Skulle du ønskje å lese novella, kan du følgje denne linken.

Novella omhandlar ein gudstjeneste som blir forstyrra av at ein neger entrer kyrkja. Dette skaper oppstyr, og negeren blir dømd til dauden for gudsspott.

Novella inneheld sjølvsagt fleire verkemiddel, og det fyrste eg kan sjå er eit frampek. I gudstjenesta siterar nemleg presten Jesus på "For kvar to eller tre er samla i mott namn, der er eg midt i blant dei". Då kunne ein forstå at akkurat den setninga skulle ha stor betydning for novella, og det fikk ein bekrefta i sluttavsnittet. Då kunne vi sjå at forfattaren nytta allusjon som eit verkemiddel, ved at han skreiv om skadane på negeren sine hender, som om han hadde hange på korset.

Temaet i novella kan tenkjast å vere fordommar. Berre fordi personen som banka på døra er svart og nekter å forlate kyrkja, meinar dei kvite at han skal dømast til døden. Ellers kan det liggje ein bodskap i teksten, som seier at du ikkje skal sjå bort i fra noke som heilst, fram til du har bevis for det du trur. Til eksempel har desse menneska sett heilt bort i fra at Jesus kan vere svart, for dei er det einaste alternativet at Guds sønn er kvit. Dette fører med seg at dei sviktar han dei elsker over alt, noke som sjølvsagt er beklageleg.

Eg synest novella var god, og den viste kva noken kan gjere fordi dei handlar på grunnlag av ein myte. At Jesus er kvit er ein myte med opphav blant kvite. Den hadde nokre gode verkemiddel, og forfattaren fekk brukt alle kjenneteikna til ei novelle på ein meget god måte. Eg synest han fekk pressa mykje tema inn i lite handling, og då har han strengt tatt gjort ein god jobb.

mandag 24. august 2009

Denne bloggen...

...skal brukes i forbindelse med faget norsk.