
I det moderne gjennombrotet vart det vanleg å setje tidlegare tabubelagte problem under debatt gjennom litteraturen. Ikkje minst galdt dette i Noreg og resten av Skandinavia, og eg skal no leggje fem kva problem nokre utvalde forfattarar valde å skrive om, og bidra til debatt om.
Fyrst held vi oss til ein norsk forfattar, nemleg Bjørnstjerne Bjørnson. I sitt tidlege liv som forfattar å skrive positive tekstar, med store idealistiske trekk, så personane hadde ei positiv utvikling. Han hadde også eit godt forhold til kristendommen, men etter påverking frå diverse religionskritikare og naturvitskapen fekk han litt avstand frå kristendommen, og begynte å skrive om kor viktig det var å søke den verkelege sanninga. Han var også oppteke av tema som økonomisk svindel, politikk og som sagt religionskritikk.
Den andre forfattaren som skal trekkjast fram er Henrik Ibsen. Etter å ha hatt Ibsen som tema i norsktimane i fleire ukar no, bør eg ha rimeleg god kontroll på kva denne mannen sto for. Han tok i eit tak for kvinnekampen, blant anna, og spesielt, gjennom sitt stykke Et dukkehjem. Hans stykkar kunne også tolkast som ein kritikk mot det at det ikkje var akseptert å lese samfunnskritiske tekstar, ikkje berre ein samfunnskritikk i seg sjølv. Han var også ein forkjempar for at individet skal ha ein form for fridom, og det innebar til dømes ytringsfridom og demokratiske rettar.
Amalie Skram var ein kvinneleg forfattar, og ho var eigentleg ei norsk dame, men omtala seg sjølv som dansk på grunnlag av manglande støtte i Noreg. Ho skrev som oftast om kvinner som ikkje fant seg til rette i ekteskapet. Kvinnene i verka hennes var stort sett gift berre fordi dei måtte, og fordi det var vanskeleg og sosialt sjølvmord å gå ut av ekteskapet. Dette førte til dømes til at hovudpersonen i Constance Ring tok sjølvmord, fordi ekteskapet hadde ført med seg at ho fekk nedsett sosiale evnar, og psykiske problem.
August Strindberg var ein sosialist frå Sverige, og han kritiserte stort sett dei mektige personane i samfunnet. Han synst det var eit problem med store forskjellar mellom dei rike og dei fattige, og var som sagt ein venstreorientert person. I tillegg var han ein litt eksentrisk person når det galdt kvinnekampen. Han var for kvinneleg stemmerett, men likte ikkje det motsette kjønn særleg godt. Han beskreiv kvinnen som eit småleg, hard og hjartelaus.
Då har eg fått sagt det eg skulle, og kan konkludere med at det er tema vi i dag snakkar relativt opent om, som kom under debatt i det moderne gjennombrot. Kvinnekampen og fridom er tema som går igjen hos mange forfattarar, men dei har alle til felles at det er samtidas tabubelagte tema som tas opp i tekstane.
Kjelder:
Spenn - A. Jomisko, T. Moum, M. Texmo - Cappelen, 2008.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar