Enkelte gongar kjem ein rett og slett ikkje på noko ein kan skrive om. Dette er ein slik gong. Bloggoppgåva denne gongen var enkelt og greitt å skrive eit blogginnlegg om kva som helst, berre det er skrive på nynorsk. Då er det merkeleg at ein ikkje skal kunne kome på noko å skrive om, når ein kan velje kva som helst. Det fekk meg til å skrive om nettopp det; den frykta skrivesperra.
Nokre gongar, som i dag, er det emneval som er i vegen for skrivinga, medan det andre gongar kan vere formuleringa. Det hender nemleg at ein berre får ned setningar som høyrast merkelege og lite logiske ut. Dette er nok eit enda større problem enn det førstnemnde.
Kva kan ein gjere for å kome seg ut av ein slik situasjon? Vel, det har eg lurt på i lang tid, men aldri klart å løyse. Når sperra verkeleg sitt der, då forsvinn han ikkje med det første. Ofte har ein ikkje tilgang på hjelp frå andre menneske eller informasjon, som under ei prøve, og då sit ein der heilt åleine uten evne til å skrive godt. Nei, det er ikkje greitt å finne ei løysning på problemet. Eit lite triks eg har brukt er å prøve å trekkje inn eit emne du har solid kontroll på sjølv, då er det ofte mykje lettare å få formuleringane til å sitje betre òg.
Skrivesperra har vore, er og vil alltid forbli ein kvar student eller forfattar sin største fiende, og ein er nok berre nøydt til å leve med det. Eg kom jo ut av det denne gongen òg...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar