
I dag vart eg introdusert for ei ny læringsform; elevlaga test. Dette gjekk ut på at elevane i forkant av timen sette saman ein test der emnet skulle vere Ibsen. Det at ein i forkant av timen skulle trylle fram to spørsmål kvar, førte med seg at ein var nødt til å lese ein del om han, og læringa hadde dermed allereie begynt. Deretter måtte ein reflektere litt rundt Ibsen og hans verk for å kome fram til dei beste moglege spørsmåla, samt vere kreativ i måten ein skulle leggje dei fram på. Då var allereie hovuddelen av læringa gjort, og det einaste som gjensto var å gjennomføre testen. Den hadde då fått ei solid lengde og det var eit vidt spekter av emne rundt Ibsen. Sjølve testinga gjekk fint i og med at ein på førehand hadde lese seg opp på det som var aktuelt.
Når det gjeld denne måten å jobbe på, så synest eg det var ein metode med stort potensial, men som kanskje fekk ein noko redusert effekt denne gongen. Det var mange liknande, og nokre heilt identiske spørsmål, så entan har oppgåva vore for vid, eller så har elevane droppa å bruke dei kreative evnene sine denne gongen. Om det setjast høgare krav til spørsmålsutforminga, så ser eg at dette kan vere ein effektiv måte å jobbe på , men denne gongen kjende eg at oppgåva ikkje nådde heilt opp. Men for all del; det er mogleg å bruke dette vidare.
Kjelder:
http://mjelk.blogspot.com/2009/10/elevlagd-test-som-lringsverkty.html
http://spenn.cappelendamm.no/c52255/artikkel/vis.html?tid=69742
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar